Ronny Brede Aase

(Foto: Sandra Lund-Andersen)
Du kan høre ham på NRK P3 hvor han fronter nynorsk på radioen. Og på grunn av dette har han blitt tildelt “Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar”. Her er karrieren til nå med egne ord:
Navn:
Ronny Brede Aase
Stilling:
DJ i NRK P3
Lynrask CV:
Jobba i studentradio i Halden samstundes som eg studerte Digital Medieproduksjon ved Høgskulen i Østfold. Fekk sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane i 2006, sjølv etter eit elendig jobbintervju. Hausten 2006 var eg innom Radio Prime Halden, før eg utveksla til London etter nyttår 2007. Her stortrivdest eg, og eg fann ut at eg ikkje ville tilbake til Halden påfølgande haust. Eg fann ut at eg skulle søke på jobb i NRK P3, og den fekk eg. Har jobba på NRK Tyholt i Trondheim sidan og trivst særs godt med det.
Beste øyeblikk i radiokarrieren?
Det er umogleg å berre velgje eitt augneblunk. Der er så mange fine.
Eg hugsar første gong eg hadde ei ordentleg radiosending. Ein varm, skyfri fredag føremiddag i juli 2006. Eg skulle lede føremiddagsendinga på NRK Sogn og Fjordane. Det var eit enormt adrenalinkick å lage direkteradio, og det var ein herleg start på ei knakande god sommarhelg.
Eg hadde òg sending på NRK SFJ den fredagen i juli 2007 då eg fekk tilbod om jobb i P3.
Eg har hatt mange fine augneblunk i P3. Å lage direktesendt høgtidsradio i påska med Stian Eliassen og Rune Håkonsen. Å lage direktesendt nattradio med Torfinn Borkhus som utegåande reporter. Eg kjem heller aldri til å gløyme den herlege turen til New York i fjor vår med Torfinn og Stian. Det var ei god veke.
Kjedeligste / mest triste øyeblikk i karrieren?
Eg har ikkje opplevd mykje trist hittil. Det var litt vemodig å avslutte programmet Pledd på Radio Prime Halden, som det var stor stas å lage saman med Kjetil og Frida. Men vi avslutta verdig med juleselskap og kaffitrakta gløgg, så det var ikkje veldig trist.
Hva skjer hos deg akkurat nå?
Det går mot sommar i P3. Eg skal straks ta ei veke ferie heime i Førde, før eg tek til på arbeidet med programmet P3 Sommer. Det trur eg blir kjempekjekt, og god radio!
Hvilken radiostasjon hører du på?
Eg høyrer veldig mykje på radio. Eg høyrer på The Chris Moyles Show på BBC Radio 1 nesten dagleg. Chris Moyles er helten! Ellers går det mykje i andre britiske kanalar som X FM, Absolute Radio Xtreme, BBC 6 Music. Er òg innom USA og for eksempel Z100 av og til. Og så høyrer eg sjølvsagt på Radio Norge, Radio 1, NRJ og P4.
Og så høyrer eg aller mest på NRK P3 og NRK MP3 då.
Hva gjør du om 10 år?
Eg håpar eg framleis jobbar med radio. Det er i alle fall det eg har mest lyst til. Eg har òg lyst til å bu eitt år til i utlandet. Gjerne New York, eller London. Ellers har eg ikkje lagt planar. Eg tek ting som dei kjem.



















Lite spørsmål til RA: har dere sluttet med “Radioprofilen”?
Hei Bob!
Nei på ingen måte. Radioprofilen returnerer fra “ferie” før du aner. ;-)
Nice. Radioprofilen er alltid morsom lesning. :-)